Nye bilder

Grepland

Eit koseleg bilde frå langt attende, tydelegvis ei påske, heime på Grepland. Det er han far, Gunvald som fyrer opp pipa til ho Margit Nilsen. Eg ser at dei har i glasa framfor seg, og tippar at det er ho Margit sin berømte heimelaga vin.

Sommerfest 11.august

Grendahusstyret har bestemt at det ikkje blir Vinterferst i år, vi vll heller prøve å ha fest i august, nærare bestemt 11. august.

Øyvind vil stå for musikk og det blir servert grillmat, bar vil bli open inne.

Solsnu

Sola har gått ned på Marøy kl 14, her er dei siste solstrålene filtrert igjennom ei gamal bjørk.

21. Des og solsnu (i morgon), men dei siste rosene vil ikkje heilt gje seg enno, dette er ei Bonica som ofte står med roser tll frammimot jul, remonterende.

Marøy

Vinterbilde frå Marøy utover mot øyane vest i Florø; Askrova,Kinn (skjult bak Naustholmen), Reksta, Skorpa og Batalden.

Juleverksted 2011

Damene på køkenet; Susan, Wendy, Rannveig

,

Juleverksted

Torsdag 24. november blir det tradisjonelle juleverkstaden arrangert på Svanøy Grendahus.

Fjord1 innstilt som ruteoperatør i florabassenget

Både Fjord1 og Tide Sjø leverte anbod på dei lokale rutene i Flora, Bremanger og Vågsøy, i tillegg til ambulansebåt i Flora-området. Fjord1 vann fram på grunn av lågast pris les ein på Firdaposten.no.

Begge tilbydarane oppfylte kvalifikasjonskrava, seier fylkesdirektør for samferdsle, Velaug Veum, i ei pressemelding.

Vestlandsrevyen på Svanøy 24.okt

Med på bildet frå venstre; Olav Steimler,Leidulv Grytten, Arne Holsen og Håvar Holme frå NRK, Susan Merrill Stavøstrand og Gunnar Stavøstrand. Elin Tveit Sveen var med utanfor bildekant. Bilde Johan Trygve Solheim

Vestlandsrevyen kom til Flora for å dekke oppstyret ikring anbodsrunde for båtrutene i Flora og omland. Her frå besøk på Svanøy og Norsk Hjortesenter. Beskjeden til fylkespolitikarane var klar; Anbodsrunden må kansellerast og tilbodet må justerast i henhold til reelle behov og vidare utvikling på kysten.

Kveldstur på Stokken

Den vakre Greplandsosen sett frå Stokken

Grepland, der var ungar som leika på tunet så Borghild har besøk, og Knut kokar krabbe..

"Norskekysten" vitjar Svanøy

Førstkommande søndag kan alle Svanøybebuare og Svanøyfans benke seg foran skjermen og nyte eit tilbakeblikk mot sumaren. Da kan ein sjå NRK programmet Norskekysten vitje Svanøy på veg sørover kysten.

Programleiar Dag Lindebjerg og produksjonsteamet i NRK reiser sørover langs Norskekysten for å dokumentere kystkultur, natur og menneska som lever i den. På veg frå Måløy til Skjerjehamn legg dei altså turen innom Svanøy.

Butikken på Svanøy

Ole er attende i butikken og har sett seg føre å få den opp og gå til gamal god standard etter at butikken dovna vekk til nesten ingenting i sumar. Med seg har han fått Lisa og etter mange og lange timar byrjar det å likne butikken slik vi var blitt van med å ha den, der ein kunne finne det meste ein hadde bruk for. Også Kroa blir rusta opp og teke i bruk, og vi trur at arbeidet som Terje og Vidar la ned der i sumar kan bli vidareført til sumaren igjen.

Vi trur at lojaliteten framleis er stor til Ole sitt konsept og sjølv om det nok blir ein tøff vinter med lite folk og omsetning å slite seg igjennom, så må vi håpe og tru på ein stor sesong neste sumar med lange opningstider og stort utval, slik at også besøkande båtar kan få høve til å nyttiggjere seg tilboda på butikk og kro.

Basar

Vidar Svanøe var i aktivitet sidan i sumar og hadde samla langt over 100 gevister til basaren på Våg (Våg er det gamle namnet på Skuleplassen) som vart arrangert sundag 2.oktober. Ei stor takk til næringslivet i Florø og Førde som slik er med å støttar opp under arbeidet med å halde hjula i gang på Svanøy Grendahus. Basaren samla ikkje så mykje folk i år, men vi som var der hadde ei koseleg ettermiddag med eit fint pynta Grendahus og fantastiske kaker + sveler. Ei stor takk også til alle som var med og tok lodd og deltok på mange vis.

September på Grepland

Knut tok vakre bider på Grepland sist sundag

Utsikt over Greplandsosen

Nattseilas i måneskin

På veg ut, sola heng framleis oppe over Hovden.

Månen dukka opp over Storåsen.

Dugnad på Grendahuset

I dag var det dugnad på Grendahuset på Svanøy, med masse folk og stor innstats. Hovedtema var full shining inne, og ein stor dugnadsgjend gjekk laus med stor entusiasme. Eg torer å sei at huset aldri har sett betre ut enn det gjer i kveld, det er rydda, sortert, og mykje gamalt skrot er komt i bosset. Der var vaska og tørka støv i alle rom og alle skap, så huset er så absolut klart for 17. mai og feiring av nasjonaldag.

Vårfest på Svanøy

Palmelaurdag er det Vårfest på Grendahuset på Svanøy, med god mat og drikke og med Øyvind som DJ til kl 02, minst.

Meld deg på til Leni eller Gunnar og kom deg med på vårens vakreste eventyr midt ute på Svanøy mellom Mevatnet og Sagvatnet. Der blir garantert stemning. Baren er open frå 20 til 02.

Strandhogg på Svanøy.

Vi var to stykker frå Askvoll Padleklubb som vitja Svanøy sist søndag. Med utangspunkt frå Flokenes hadde vi ein fin tur over Stavfjorden og vidare til Svanøybukt der vi gjorde strandhogg.

Fleire bilder og turrapport HER

Gi gjerne tilbakemeldingar desrom eg brukar feil stadnamn, om det er andre ting som ikkje stemmer, eller om du har ein kommentar.
Takk for oss !

Skøyteis

Skøyteisen på Kvalstadvatnet har lagt trygg sidan slutten av November. No i jula måtte det maskinell hjelp til for å få laga skøytebane, men Arne sin ATV med snøskjær ordna den biffen på ein halvtime, og isen under var ikkje så aller verst heller.

Juleverksted

I kveld var det på nytt juleverksted i Grendahuset på Svanøy, som samla meir enn halvparten av alle som bur på øya til ein kosekeveld med mange trivelege aktivitetar. Små og store, unge og eldre hadde ein kjekk kveld i sosialt nyttig førjuls samvær med baking av kakemenn, lefse av fleire sortar, med og utan gluten i tillegg til full middag då folk kom. Det var dessutan produksjon av julelys, kransar og diverse typar julepynt.

Basar i Grendahuset

Grendahuset på Svanøy må finne nye vegar for å finansiere drifta etter at skulen var nedlagt og ein tapte leigeinntekter frå kommunen. Ein triveleg variant er å ta opp at gamle tradisjonar med basar, og i dag var det tids for haustens høgdepunkt. Vidar hadde gjort ein fenomenal jobb med å samle gevinastar, nesten 100 store og små gevinstar vart lodda ut, og det var klaff for dei fleste husstandar. Med mykje god mat så var det nesten som gamle dagar med fin stemning og triveleg samvær.

Svanøya sett frå oven..

Tysdag 12 oktober tok 2 jølstringar, med sterke band til Svanøya, seg uskadde opp på Blegja, 1307 moh.

Flott 5. plass i senior NM for Inge Tansø

I Senior NM i fri-idrett i Sandnes i dag, sette Inge Tansø ny personeg rekord i spyd konkurransen med 63,24m og la beslag på ei fin 5. plass! Adreas Thorkildsen vann med eit kast på 87,10.
Dette var gøy seier Inge, og vil legge seg i hardtrening i vinter. Blir han skadefri så trur eg at vi får sjå kast på over 70 meter neste sesong, og då hadde han vore på medaljeplass i dag! Gratulerer, no gleder vi oss til neste sesong!

Norgesmester frå Svanøy!

Inge Tansø er den første Svanøying som tek Norgesmestertittel i fri-idrett !
Inge vann i helga Junior NM i spyd på Asøy. Han vann med eit kast på 56,67. Tdlegare i veka kasta han 59,19 og har på trening kasta godt over 60m. Denne sesongen har han berre trent seriøst sidan jul, så han må reknast som eit super-talent. Som Junior norgesmester får han automatisk delta i senior NM neste helg som går i Sandnes. Inge som er 22 år og siste år som junior og studerer for tredje året stil elektroingeniør i Bergen. Gratulerer!!!

Svanøy

Følges av 58 medlemmer.

Velkommen til Svanøy-sona på Origo

Svanøy er den sørligste – og frodigste øya i Flora Kommune, også kalt Sunnfjords Perle.
Svanøy si historie er mangfaldig og går langt attende i tida. I forrige århundre var øya det viktigaste senteret i regionen, med stor aktivitet på eksport og skipsfart. Over 100 mann arbeidde i kopargruvene, “haugianarane” var storprodusentar av salt, her vart det bygd skip og drive storgard. Her finn ein også eit steinkors reist til ?re for heilage Olav, og ein offerplass frå vikingtida. Namnet Svanøy har øya fått etter biskop Hans Svane som eigde Svanøy Hovedgaard 1662-85.

Svanøy – et livskraftig lokalsamfunn på kysten:
I dag har Svanøy omlag 70 innbyggere, hvorav mange livnærer seg av virksomheter på Svanøy.
Her er båtbyggeri, oppdrett av laks og regnbueørret, landbruk, butikk, kafeteria / kro, gjestehamn, hjortesenter og røykeri med sal av eigenprodusert røykelaks i ulike smaksvariantar, post, bussrute og mye annet.

Det er gode komunikasjoner til øya og mye flott å oppleve både av natur og aktiviteter.

Det aller beste er likevel at folk flytter til denne vakre øya ytterst i Sunnfjord, og på den måten bidrar til i å holde liv i lokalsamfunnet vårt. Med dagens teknologi og gode kommunikasjon er det mulig for mange å bo landlig og samtidig ha hele verdens som arbeidsplass. Noe vil kanskje foretrekke hjemmekontor, men øya har allerede en liten næringshage med noen ledige kontorer som det er mulig å leie.

Ikke alle som bor på Svanøy har sitt daglige virke her. Svanøy er også stedet du kan bo, men med verden som arbeidsfelt! Noen jobber i Florø og følger båtrutene til og fra Kystbyen daglig, mens andre er ukependlere. Mange har i dag mulighet for å ha jobben med seg bare det er tilgang til Internett, og på Svanøy er det full bredbåndsdekning.

Så ta kontakt med oss om du er en av de som nyter bylivet bedre som gjest enn som byboer. Kanskje kan du finne deg tomt på øya vår og realisere en drøm.

Bli en øyboer du også!

Lokale heimesider om Svanøy:

Vi oppfordrer alle dere som på en eller annen måte har tilknytning til Svanøy om å bruke disse sidene. Meld deg inn på Origo, da kan du legge inn egen bilder, kommentarer, viktige meldinger eller oppdatere kalenderen med mer. Mer om sonen

Origo Svanøy er en sone på Origo. Les mer
Annonse