Fekk med Knut på fisketur i kveld, vi var vestom på kjende trakter. Lite fisk å få, men vi bjerga no nokre middagar. Strålande sol og vakker solnegang, men vi såg at der låg mørke, tunge skyer over innlandet. Då vi om til lands kom nordavinden, ein fin seglbris som kanskje held regnværet på avstand i natt? Meterologane slit med å varsle tilslag på desse lavtrykka som passerer.
