Svanøy bruker Origo til å lage sidene sine. Det kan du også gjøre.
Origo er sosiale nettsteder for alle. Med Origo kan du blogge, lage bildealbum, sette opp kalendere og diskutere med folk. Du kan enkelt starte nettsteder for firmaet ditt, foreningen din, familien din eller bare deg selv.
Tysdag 12 oktober tok 2 jølstringar, med sterke band til Svanøya, seg uskadde opp på Blegja, 1307 moh.
Føremålet med turen var å sjå Sunnfjords perle i klarlufta ein flott haustdag. Etter 4 tunge timar opp frå sjøkanten i Rørvika kunne vi raskt slå fast at utsynet frå toppen bokstavleg tala tok pusten frå oss. Etter eit par – 3 Kvikklunsjar og ditto kaffi kunne vi faktisk også nyte synet.
Har du ikkje vore på Blegja ein klar haustdag kan det absolutt rekomanderast. Desverre yter ikkje mitt enkle kamera utsynet rettferd, men ei viss aning får ein likevel.
No kryssar vi fingra og tær for at det var verdt slitet å bere opp alt foto- og filmutstyret til Ola.
Kjempebra Stig, denne turen skal eg ta ein gong! Gleder meg til betre bilder. Utsikta derifrå må være heilt formidabel på ein dag som dette. Det er faktisk ikkje snø på topane enno så seint i oktober, det må være uvanleg.
Kommentarer