Svanøy bruker Origo til å lage sidene sine. Det kan du også gjøre.
Origo er sosiale nettsteder for alle. Med Origo kan du blogge, lage bildealbum, sette opp kalendere og diskutere med folk. Du kan enkelt starte nettsteder for firmaet ditt, foreningen din, familien din eller bare deg selv.
I kveld var det på nytt juleverksted i Grendahuset på Svanøy, som samla meir enn halvparten av alle som bur på øya til ein kosekeveld med mange trivelege aktivitetar. Små og store, unge og eldre hadde ein kjekk kveld i sosialt nyttig førjuls samvær med baking av kakemenn, lefse av fleire sortar, med og utan gluten i tillegg til full middag då folk kom. Det var dessutan produksjon av julelys, kransar og diverse typar julepynt.
Ute på gangen vart det slipt skøyter med tanke på den fine skøyteisen som må nyttast før det kjem for mykje snø.
Dette er tiltak som er med å bitt saman bygda i sosialt samvær som har stor betydning. Dette er ein særdeles triveleg møteplass for alle som synest det er kjekt å være i lag med andre og gjere på eitkvart nyttig ein gnistrande kald desemberkveld. Takk til Svanøy Grendautval som stod for arrangmentet, laga mat og henta inn masse pyntegrønt.
Søstrene Willis i framgrunnen
Mykje folk samla på grendahuset
Bente og Bente og Olai
Janneke Skorpeidet viser fram fin sjølvlaga krans nesten ferdig. I bakgrunnen Sonja Skorpeidet og Linda Helgås
Bjarne får opplæring i lefsebaking, Bert og Ole føl med.
Trond og Bjarne
Trond viser Bjarne gamle kunster
Ove Inge Vågen, Gunnar Stavøstrand, Ole Svanøe ventar spent på smaksprøver