Strandhogg på Svanøy.Vi var to stykker frå Askvoll Padleklubb som vitja Svanøy sist søndag. Med utangspunkt frå Flokenes hadde vi ein fin tur over Stavfjorden og vidare til Svanøybukt der vi gjorde strandhogg.
Fleire bilder og turrapport HER Gi gjerne tilbakemeldingar desrom eg brukar feil stadnamn, om det er andre ting som ikkje stemmer, eller om du har ein kommentar.
Vist 55 ganger. Følges av 2 personer. | ||
Kommentarer
Det såg ut som ein kjekk tur, og været var vel heller ikkje så verst, sjølv var eg på sjøen og fiska utover på nordvestsida av Svanøy ut mot Askrova. Det er jo ein fin tur som de padla, og eg kan anbefale at når ein har padla så langt så kan ein ta med ein tur igjennom Marøsundet og kanskje rundt Marøya, der er mange fine bukter og sund og nokre fine strender som ligg i ly for det meste.
Du har truffe bra med stadnamn, akkurat bildet over er i det vi kallar for Straumsundet, litt nordvest for Austnesvågane. Velkommen attende! Butikken har ikkje ope på sundagar no i vinterhalvåret, men eg trur nok at den vil ha open sundagar seinare i sesongen. Men om de skulle være kaffityrste så ring meg opp, eg bur veldig nær sjøen og har nesten alltid fersk kaffi!