Butikken på Svanøy

Ole er attende i butikken og har sett seg føre å få den opp og gå til gamal god standard etter at butikken dovna vekk til nesten ingenting i sumar. Med seg har han fått Lisa og etter mange og lange timar byrjar det å likne butikken slik vi var blitt van med å ha den, der ein kunne finne det meste ein hadde bruk for. Også Kroa blir rusta opp og teke i bruk, og vi trur at arbeidet som Terje og Vidar la ned der i sumar kan bli vidareført til sumaren igjen.

Vi trur at lojaliteten framleis er stor til Ole sitt konsept og sjølv om det nok blir ein tøff vinter med lite folk og omsetning å slite seg igjennom, så må vi håpe og tru på ein stor sesong neste sumar med lange opningstider og stort utval, slik at også besøkande båtar kan få høve til å nyttiggjere seg tilboda på butikk og kro.

Svanøy har bruk for ein butikk, det har alle slike småplassar, men det er ei risikosport å drive slike tiltak, og slett ikkje noko for pingler. Vi ynkjser Ole og Lisa lukke til ! Bilder kjem seinare…

Vist 147 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder