Fjord1 innstilt som ruteoperatør i florabassenget

Både Fjord1 og Tide Sjø leverte anbod på dei lokale rutene i Flora, Bremanger og Vågsøy, i tillegg til ambulansebåt i Flora-området. Fjord1 vann fram på grunn av lågast pris les ein på Firdaposten.no.

Begge tilbydarane oppfylte kvalifikasjonskrava, seier fylkesdirektør for samferdsle, Velaug Veum, i ei pressemelding.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har basert valet av leverandør på kven av dei to som hadde den lågaste prisen på det samla rutetilbodet. Tilbodet frå Tide Sjø ville ha kosta fylkeskommunen 56.494.00 kroner, medan Fjord1 sitt alternativ var på 52.914.147 kroner. Kontrakten på dei lokale båtrutene gjeld frå 1. mai 2012 til 30. april 2020 med opsjon på forlenging i to år. Tide Sjø kan klage på instillinga, og må i så fall gjere det innan 25. november klokka 10.00.

Vist 53 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder