Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kystpuls og Fjordaglimt (torsdag 24. november 2011). Les mer om roperten…

Juleverksted 2011

Damene på køkenet; Susan, Wendy, Rannveig

,
Bakstebordet blir klargjordt; frå v; Bjørg, Ole og Trond, og litt bakom Jan Erik

Dekorasjon på gang: Frå v; Myra, Patma og Rannveig

Eva, Susan med Nea

Trond og Rannveig

Dekorasjon på alle nivå.

Så vart det juleverksted på Grendahuset i år også, og mykje gildt folk var samla. Aktiviteten var stor, særleg ved bakebordet der gode lefser vart laga etter Kari Svanøe si oppskrift. Kjevlemeister og takke-maskinist Trond Sveen med ei hærskare sveinar og praktikantar sytte for velsmakande smaksprøver etterkvart. Pepperkaker av fleire slag kom også rundt med godlukt og stemning som gav klare indikasjonar på at det snart er adventstid! Det var ei avslappa, sosial steming, ein fin kveld på Grendahuset. Kjekt at så mange fann vegen i ruskeværet, ei heil båtlast frå Florø kom seg forhåpentlegvis vel heim att med kveldsruta.
Elin Tveit Sveen nytta høvet til å overrekke Susan Stavøstrand, leiar i Grendautvalet, ei stor blomsterhelsing som takk for ein svær innsats i haust med å redde rutebåttilbodet. Takka være god dokumentasjon og argumentasjon og enormt mykje arbeid fekk ein inn fleire justeringar i det endelige anbudsoppsett som gjer at ein samla sett får eit tilbod som er å leve med, og mange har lært mykje om båtruter i Flora Kommune!

.

Vist 111 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder