Juleverksted 2011
Damene på køkenet; Susan, Wendy, Rannveig
,
Dekorasjon på gang: Frå v; Myra, Patma og Rannveig
Eva, Susan med Nea
Trond og Rannveig
Dekorasjon på alle nivå. Så vart det juleverksted på Grendahuset i år også, og mykje gildt folk var samla. Aktiviteten var stor, særleg ved bakebordet der gode lefser vart laga etter Kari Svanøe si oppskrift. Kjevlemeister og takke-maskinist Trond Sveen med ei hærskare sveinar og praktikantar sytte for velsmakande smaksprøver etterkvart. Pepperkaker av fleire slag kom også rundt med godlukt og stemning som gav klare indikasjonar på at det snart er adventstid! Det var ei avslappa, sosial steming, ein fin kveld på Grendahuset. Kjekt at så mange fann vegen i ruskeværet, ei heil båtlast frå Florø kom seg forhåpentlegvis vel heim att med kveldsruta. . Fjord1 innstilt som ruteoperatør i florabassengetBåde Fjord1 og Tide Sjø leverte anbod på dei lokale rutene i Flora, Bremanger og Vågsøy, i tillegg til ambulansebåt i Flora-området. Fjord1 vann fram på grunn av lågast pris les ein på Firdaposten.no. Begge tilbydarane oppfylte kvalifikasjonskrava, seier fylkesdirektør for samferdsle, Velaug Veum, i ei pressemelding. Sogn og Fjordane fylkeskommune har basert valet av leverandør på kven av dei to som hadde den lågaste prisen på det samla rutetilbodet. Tilbodet frå Tide Sjø ville ha kosta fylkeskommunen 56.494.00 kroner, medan Fjord1 sitt alternativ var på 52.914.147 kroner. Kontrakten på dei lokale båtrutene gjeld frå 1. mai 2012 til 30. april 2020 med opsjon på forlenging i to år. Tide Sjø kan klage på instillinga, og må i så fall gjere det innan 25. november klokka 10.00. Vestlandsrevyen på Svanøy 24.okt
Med på bildet frå venstre; Olav Steimler,Leidulv Grytten, Arne Holsen og Håvar Holme frå NRK, Susan Merrill Stavøstrand og Gunnar Stavøstrand. Elin Tveit Sveen var med utanfor bildekant. Bilde Johan Trygve Solheim Vestlandsrevyen kom til Flora for å dekke oppstyret ikring anbodsrunde for båtrutene i Flora og omland. Her frå besøk på Svanøy og Norsk Hjortesenter. Beskjeden til fylkespolitikarane var klar; Anbodsrunden må kansellerast og tilbodet må justerast i henhold til reelle behov og vidare utvikling på kysten. Kveldstur på Stokken
Den vakre Greplandsosen sett frå Stokken
Grepland, der var ungar som leika på tunet så Borghild har besøk, og Knut kokar krabbe..
På Marø Havbruk jobba dei lange timar for å få alt klart til smolt som kjem i helga,
Våre naboer i sør med det utrulege øyriket vestover mot Bulandet
Våre gode naboer i vest, Tansøy og Askrova
Og våre naboar i nordvest, Reksta, Skorpa, Batalden og Hovden
I sør det mektige Staveneset, der ho Liv held på å ta enno eit perfekt bilde…
Så går sola ned over Trefotskjæret og Vågsøya, det er på tide å gå heim
Og på heimvegen kjem månen opp over Blånipa i den vakre oktoberkvelden "Norskekysten" vitjar SvanøyFørstkommande søndag kan alle Svanøybebuare og Svanøyfans benke seg foran skjermen og nyte eit tilbakeblikk mot sumaren. Da kan ein sjå NRK programmet Norskekysten vitje Svanøy på veg sørover kysten.
Programleiar Dag Lindebjerg og produksjonsteamet i NRK reiser sørover langs Norskekysten for å dokumentere kystkultur, natur og menneska som lever i den. På veg frå Måløy til Skjerjehamn legg dei altså turen innom Svanøy. Lindebjerg har vore innom øya fleire gonger, og det var difor ikkje uventa at han tok turen innom ”Sunnfjords perle” på veg sørover frå Måløy. Med seg som skippar har han ein annan velkjend “kysthovding”, nemleg mangeårig stortingspolitikar styreleiar for Redningsselskapet, Magnus Stangeland, skriv Norsk Hjortesenter på nettsidene sine. Les mer på Firdaposten.no Butikken på SvanøyOle er attende i butikken og har sett seg føre å få den opp og gå til gamal god standard etter at butikken dovna vekk til nesten ingenting i sumar. Med seg har han fått Lisa og etter mange og lange timar byrjar det å likne butikken slik vi var blitt van med å ha den, der ein kunne finne det meste ein hadde bruk for. Også Kroa blir rusta opp og teke i bruk, og vi trur at arbeidet som Terje og Vidar la ned der i sumar kan bli vidareført til sumaren igjen. Vi trur at lojaliteten framleis er stor til Ole sitt konsept og sjølv om det nok blir ein tøff vinter med lite folk og omsetning å slite seg igjennom, så må vi håpe og tru på ein stor sesong neste sumar med lange opningstider og stort utval, slik at også besøkande båtar kan få høve til å nyttiggjere seg tilboda på butikk og kro. Svanøy har bruk for ein butikk, det har alle slike småplassar, men det er ei risikosport å drive slike tiltak, og slett ikkje noko for pingler. Vi ynkjser Ole og Lisa lukke til ! Bilder kjem seinare… BasarVidar Svanøe var i aktivitet sidan i sumar og hadde samla langt over 100 gevister til basaren på Våg (Våg er det gamle namnet på Skuleplassen) som vart arrangert sundag 2.oktober. Ei stor takk til næringslivet i Florø og Førde som slik er med å støttar opp under arbeidet med å halde hjula i gang på Svanøy Grendahus. Basaren samla ikkje så mykje folk i år, men vi som var der hadde ei koseleg ettermiddag med eit fint pynta Grendahus og fantastiske kaker + sveler. Ei stor takk også til alle som var med og tok lodd og deltok på mange vis.
Leni i gang med å selge lodd Her er det Inger Kvalsvik og Liv Brandsøy som sikrar seg vinnarlodd!
Og her ein del av det som ein kan vinne. Der var gåvesjekkar med vedi på over 9000 kr.
Vidar fann fram gevinstar til trekking.
Linda klar for servering av kaker.
4 staute damer som fekk kjøkenet til å gå som smurt: Wendy, Borghild, Elin og Linda Nattseilas i måneskin
På veg ut, sola heng framleis oppe over Hovden.
Månen dukka opp over Storåsen.
Forbi Naustholmen
På tide å snu heim att, ingen bris å sjå, nærast blikkstille.
Forbi Erikstad kom det ein lett bris ned frå bøane med lukt av slått og sumarblomst.
På veg heim, kjeølevatnet røper at påhengsen var i bruk. Det var så fint at ein berre måtte ned på sjøen seinkveld fredag. Like før middnatt kom månen opp i søraust og skapte ekte full sommer stemning. Det var knapt vind å fylle fokka med så det måtte litt motor til får å få framdrift, men det øydela ikkje sommernatta. Annonse | |||||||||||
Nyeste kommentarer